Fotballtrening 1.klassingar 2022

Postet av Ål IL - Fotball den 24. Aug 2022

Ål IL Fotball invitere alle 1.klassinger, gutar og jenter, til fotballtrening på Bråta torsdagar kl. 17.30 – 18.15.

Første treninga er torsdag 1.september.

Nils Egil, Vigdis og Tonje frå fotballgruppa vil vere med på den første treninga.

  • Registrering av spelarar, og kontaktinformasjon på foreldre/føresette
  • Forventningar
  • Litt informasjon frå fotballgruppa til foreldre/føresette
  • Leik og moro med ball, og sjølvsagt fotballkamp
  • Ikkje treningsavgift i haust – men medlemsavgifta til Ål idrettslag må betalast, kr 150,-

Barnefotballen baserer seg på foreldretrenere, og det vil bli tilbod om kurs for dei som er interessert. Vigdis blir kontaktperson og rettleiar, og vil vere til stades på dei første treningane.

Den første treninga vil bli leia av Vigdis V. Gåsterud – men fint om dei vaksne som har sagt dei vil hjelpe til blir med etter at infoen er gitt.

VEL MØTT TIL FOTBALLAKTIVITET PÅ BRÅTA

PS: Hugs å ta med drikkeflaske��


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.