Velkomen til fyrste trening for 1.klassinger

Postet av Ål IL - Fotball den 27. Aug 2021

Ål il Fotball ynskjer å invitere alle 1.klassinger, gutar og jenter, til fotballtrening på Bråta, 

torsdagar kl. 17.30 – 18.30.


Nils Egil og Vigdis frå fotballgruppa vil vere med på den første treninga.

  • Registrering av spelarar, og kontaktinformasjon til foreldre/føresette
  • Informasjon frå fotballgruppa til foreldre/føresette
  • Leik og moro med ball, og sjølvsagt fotballkamp


Barnefotballen baserer seg på foreldretrenere, og det vil bli tilbod om kurs for dei som er interessert. Vigdis blir kontaktperson og rettleiar, og vil vere til stades på dei første treningane. Den første treninga vil bli leia av Vigdis V. Gåsterud – men fint om dei vaksne som har sagt dei vil hjelpe til blir med etter at infoen er gitt.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.